Reiselivsmedarbeidar

Som reiselivsmedarbeidar jobbar du med sal, koordinering og gjennomføring av reiser og opplevingar for kundar.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 27.10.2022

Reiselivsmedarbeidaren kan jobbe med sal, koordinering og gjennomføring av reiser og opplevingar, av arrangement, transport og overnatting, til kundar.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • Gi råd og rettleiing om opplevingar, reiser og reisemål
  • Utarbeide tilbod til kundar, herunder prissetting og betingelsar
  • Ta imot bestillingar
  • Reservere billettar, overnatting og utflukter
  • Markedsføring av bedrifta og dens produkt og/eller destinasjon
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar og opplevingar

Som reiselivsmedarbeidar er du i dei fleste tilfelle bedrifta sitt ansikt utad, og det er derfor viktig å yte god service og hjelpe kundane med det dei har behov for. Det er nødvendig med gode språkkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Kvar jobbar ein reiselivsmedarbeidar?

Som reiselivsmedarbeidar (reiselivskonsulent) kan du blant anna jobbe i hotell- og overnattingsbedrifter, reisebyrå, hos turoperatørar, transportselskap, event- og opplevingsbedrifter, turistinformasjon.

Personlege eigenskapar

Som reiselivsmedarbeidar må du være serviceinnstilt, ansvarsbevisst og du bør ha gode samarbeidsevnar.

Vil du vite meir?

Utdanning – Reiselivsmedarbeidar

Læreplan – Vg3 Reiselivsfaget