Logistikkfaget

Som logistikkoperatør arbeidar du med transport, lagring, toll, avgifter og oversikt over varer og anna gods for din bedrift.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 27.10.2022

Som logistikkoperatør jobbar du med lagring og interntransport av varer og gods, samt sikring og klargjering av last til utsending. Du skal og sikre at varer som tas imot, lagrast, sorterast og sendast ikkje blir skada og at varene kjem fram til rett tid. Arbeidet omfattar også dokumentbehandling, kundeservice og administrasjon av logistikk ved bedrifta. Det er viktig at du sett deg inn i lovar og reglar for transport av varer, toll og avgifter. I arbeidet brukar du ofte tekniske hjelpemidler, samt digitale verktøy for registrering av varer og gods som tas imot, lagrast og sendast ut. Du kan også bli bedt om å foreta prissjekk, finne dei rette varene til gode prisar og være kreativ i ditt arbeid når det krevs.

Kvar kan du jobbe?

Som logistikkoperatør kan du jobbe i transportbransjen, på godsterminalar, flyplassar og ved ulike industriverksemder. Du kan også jobbe med eksport og import av varer.

Personlege eigenskapar

Som logistikkoperatør må du ha god kommunikasjon- og samarbeidsevne. Du må være serviceinnstilt og hyggeleg og kunne samarbeide med andre, både kundar og kollegaer. Du må kunne jobbe på ein strukturert måte for å ha oversikt, gode digitale ferdigheiter er også ein fordel.

 

Vil du vite meir?

Utdanning – Logistikkoperatør

Læreplan – Vg3 Logistikkfaget