Brannførebyggarfaget

Brannførebyggarfaget er faget som tidlegare heite feiarfaget. Yrkestittel er fortsatt feiar.

Som feiar reingjer du piper, røykkanalar, eldstader og sentralfyrings- og ventilasjonsanlegg for å førebygge brann og avgassutslepp, samt brannførebyggjande arbeid.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 27.10.2022

Som feiar har du ulike arbeidsoppgåver som krever at du har god kunnskap om byggningskonstruksjonar og bygdningsmateriell. Du må kunne ta vurderingar og komme med forbetringsforslag, samt vurdere brannrisiko og risiko i eige arbeid.

Vanlege arbeidsoppgåver kan være;

  • Feiing av skorstein, røykkanalar og eldstad
  • Skadeavgrensing etter brann
  • Utføre kontroll av bygningar for å sjekke gode branntekniske løysingar
  • Tilpasse og lage utstyr til feiing
  • Veilede om korleis førebygge brann
  • Veilede og informere om sløkkemiddel og sløkkemetodar ved branntilløp

Kvar kan du jobbe?

Som feiar kan du jobbe i kommunale etatar som til dømes brannvesenet. Du kan også jobbe i statlege organ.

Personlege eigenskapar

Som feiar må du like eit praktisk arbeid. Du må like å jobbe i høgda, samt jobbe sjølvstendig. Samarbeidsevne er også viktig, samt høflegheit og god kommunikasjonsevne. Rekneferdigheiter og kunnskap om digitale verktøy er også viktig.

Vil du vite meir?

Utdanning – Feiar

Læreplan – Brannførebyggarfaget