Som foreldre vil ein gjerne hjelpe ungdommen med å ta gode valg. Då er det viktig å sette seg inn i det ungdommen skal møte. Her fortel vi kort om nokre tema vi meiner det er nyttig for foreldre å vite om prosessen til å bli lærling, samt å være lærling.
Publisert: 30.12.2019
Oppdatert: 28.05.2020
Korleis søke læreplass?
Ulike opplæringskontor og bedrifter lyser ut lærlingstillingar som vanlege stillingar ved bedriftene. Søknadsfristen er oftast 1. mars, som for vidaregåande utdanning i skule.
Det er viktig å merke seg at ungdom som skal søke læreplass må registrere seg som søkar på VIGO, og i tillegg sende søknadar til aktuelle opplæringskontor eller bedrifter.
Når søknad er levert? Kva skjer då?
Når søknad er mottatt registrerar vi søknaden. Søker ein til Søre Sunnmøre Opplæringskontor formidlar vi søknaden vidare til bedriftene våre når søknadsfristen er ute. Vil du lese om lærefaga vi er godkjende for kan du klikke her. Våre medlemsbedrifter finn du her.
Når vi og bedrifta har lest søknadane blir aktuelle kandidatar kalla inn på intervju. På intervjuet møter kandidaten oftast ein representant frå opplæringskontoret og ein representant frå kommunen/bedrifta.
Viktige kriterier vi vurderer før tilbod om læreplass, i tillegg til heilhetsinntrykk frå intervju:
- Fråvær gjennom skuletida
- Orden og åtferd
- Karakterar
- Vi sjekker referanser frå skule og arbeidsliv/praksis
Læretida
Læretida er normalt på 2 år, etter 2 år på Vg1 og Vg2. Gjennom læretida får lærlingen opplæring i henhald til læreplanen ved ei lærebedrift. Lærlingen skal ved oppstart signere ei lærekontrakt og ei arbeidsavtale. Arbeidsavtalen er viktig fordi den sikrar den tilsette sine rettar. I arbeidsavtala finn ein kontaktinformasjon til arbeidstakar og bedrift, infomasjon om løn, arbeidstid, forventa lengd av arbeidforhald og rettigheiter. Som lærling får ein ei fagarbeidarløn fordelt på 2 år. Har ein arbeid som involverer kveldsarbeid eller helgearbeid får ein tillegg for dette.
Arbeidsavtale – avtale mellom lærling og bedrift. Avtalen skal innehalde informasjon om blandt anna løn og arbeidsforhald, og er gjeldande like lenge som lærekontrakta.
Som lærling har han/ho plikter og rettar som andre tilsette. Lærlingen skal være ein del av kollegagruppa og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Ein eller fleire av kollegaene blir utnevnt som veileder. Veileder har ekstra ansvar for den daglege oppfølginga av lærling.
Lærekontrakt – signerast av lærling, opplæringskontor, faglig leiar ved bedrift og godkjennast til slutt av fylkeskommunen. Lærekontrakta signerast elektronisk, så pass på at lærling er registrert med rett kontaktinformasjon i Vigo. Melding om signering kjem til mobilnummeret som lærling står registrert med i Vigo.
Opplæringskontor er part i lærekontrakta og har ansvaret for opplæringa i henhold til Opplæringslova. Opplæringskontoret følgjer opp og støtter både lærling og veileder i lærebedrifta. Vi ønsker å være lett tilgjengelege og er alltid berre ein telefon ifrå.
De finn meir informasjon om Anne-Mari og Yvonne som er tilsette på Søre Sunnmøre Opplæringskontor her.
Som ein del av opplæringa har lærlingen også ansvar for å gjennomføre skrifteleg arbeid i henhold til læreplan. Den skiftelege delen av opplæringa dokumenterar lærlingane i Olkweb. Olkweb er eit nettbasert verktøy som opplæringskontoret, saman med sine bedrifter bruker for oppfølging av skifteleg dokumentasjon for lærlingane.
Utgifter, lån og stipend som lærling
Som lærling har ein ikkje tilgong på lærebøker, desse må ein kjøpe sjølv om ein ønsker å ha dei tilgjengelege. I nokon yrkesgrupper må ein kjøpe arbeidstøy, sko eller liknande.
Lærlingar har moglegheit å søke om lån og stipend hos Lånekassa når lærekontrakt er signert av alle partar og godkjent av fylket.