Det er alltid kjekt å kunne fortelle at vi har fått med på laget nye lærebedrifter. Åmås friskule og Øyra barnehage blir medlemsbedrifter hos opplæringskontoret.
Det er alltid kjekt å kunne fortelle at vi har fått med på laget nye lærebedrifter. Åmås friskule og Øyra barnehage blir medlemsbedrifter hos opplæringskontoret.
Frå hausten 2021 skal to nye lærebedrifter tilknytta opplæringskontoret Søre Sunnmøre ha lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Åmås friskule er ein privat barneskule som driv etter vanleg læreplan. Dei har kring 50 elevar i 1-7 klasse. Med visjonen; »Ein god stad å være, ein god stad å lære!» trur vi dette kjem til å bli ei god plass også for lærlingar.
Vil du lese meir om Åmås friskule kan du finne det her på heimesida deira.
Øyra barnehage er ein privat barnehage i Volda kommune. Barnehagen har to baser; ei storbarnsbase og ei småbarnsbase. Storbarn inneheld gruppene Kvitveis, Solsikke og Kløver, medan småbarn inneheld gruppene Prestekrage og Blåklokke.
Deira visjon; »Skapande barn – Støttande vaksne». Vi håpar og trur at framtidige lærlingar kjem til å lære mykje av både av dei vaksne og borna i Øyra barnehage, og få ei spennande og lærerik læretid.
Vil du lese meir om Øyra barnehage kan du finne det her på heimesida.
Vi på opplæringskontoret ser fram til eit godt samarbeid både med Åmås friskule og Øyra barnehage.