Året som har gått – 2024

I år som i fjor har vi hatt eit innhaldsrikt år på opplæringskontoret… Og i år som i fjor har vi heller ikkje i 2024 vert så flinke som vi ynskjer med å lage nyheitsaker til heimesida vår. Men vi håpar at dykk kanskje følger oss på sosiale medier som Facebook og Instagram og ser der kva vi fyller dagane våre med. Her kjem årskavalkaden i bilder og litt tekst.

Publisert: 19.12.2024

Rekrutteringspatrulja på skulebesøk

Rekrutteringspatrulja er ofte dei som startar året med skulebesøk her hos oss. Ein flink gjeng reiste i januar og februar rundt til alle 10 klasser på Søre Sunnmøre. I tillegg var dei på Ørsta og Herøy vidaregåande skule. Som dåkke ser på bilda her så er dette bilder dei sjølve har delt på vår instagramkonto. Følg oss gjerne der 🙂

Barne- og ungdomsarbeidarar på Gran Canaria og oppfølgingsbesøk

Vi har vert så heldige at vi har fått fortsette å sende barne- og ungdomsarbeidarlærlingar 3 månadar til Gran Canaria gjennom Erasmus+.

I år var det Andrine og Elisabeth som fekk reise ilag for å jobbe på Den Norske skulen i Arguineguin.

Anne-Mari og Julianne reiste i februar på besøk for å følge opp lærlingane frå Møre og Romsdal. Som dåkke ser på bilda fekk dei då, i tillegg til å besøke våre eigne lærlingar besøke og lærling i frisørfaget og kokkefaget. I tillegg til reiseliv og salgsfaget.

 

   

Fagprøvesamlingar i alle fag

Kvart år har vi fagprøvesamlingar for alle lærlingane. Då kjem prøvenemnd inn og fortell om gjennomføringa av fagprøva slik at lærlingane skal vere mest mogleg forberedt. Her er det også rom for å stille alle spørsmål dei lurer på.

Partering- og filiteringsskurs på Borgund vidaregåande

Sammen med Anita på Romsdal opplæringskontor arrangerte Anne-Mari i februar to-dagers partering- og filiteringskurs for lærlingar i ernæringskokkfaget. Kurshaldar var lærar ved Borgund vidaregåande.

     

Årsmøte for opplæringskontoret

I april blei det arrangert årsmøte på Ulstein hotell. Rakel som er internasjonal rådgivar kom og informerte styret om dei nye Erasmus+ prosjekta.

 

Fellessamling for opplæringskontora og kompetanse- og næringsavdelinga

Vi har og deltatt på fellessamling i Geiranger saman med opplæringskontora i fylket og kompetanse- og næringsavdlinga. Dette er ein møteplass der det er rom for mykje erfaringsdeling og god felles informasjon om fagopplæring.

Nytt Erasmus+ prosjekt – Esbjerg kommune i Danmark

I april reiste Yvonne saman med representantar frå andre opplæringskontor i fylket, og koordinator for »Læretid i Europa» Rakel til Esbjerg kommune i Danmark. Der var vi med for å starte prosessen med eit samarbeid om å sende helsefaglærlingar på utveksling på to sjukeheimar, Sirius seniorbo og Margrethegården. For å hjelpe oss hadde Rakel fått eit samarbeid med den vidaregåande skulen SOSU Esbjerg der internasjonal rådgivar Henriette viste oss rundt og hjelpte oss å opprette kontakt med dei ulike bedriftene. Målet med besøket var å få sende helsefaglærlingar til Danmark august 2024.

Møtepunkt for lærlingane før avreise til Danmark

2. års lærlingane i helsearbeidarfaget fekk i vår moglegheita til å søke om å reise til Danmark på utveksling. Dette var det to av lærlingane på vårt opplæringskontor som kunne tenke seg, Celine frå Ørsta og Celina frå Volda. Dei to fekk tilbudet om å reise ilag med 6 andre lærlingar frå fylket. I tida før avreise hadde dei to møtepunkt for å få meir informasjon og for å bli betre kjende.

Førstehjelpkurs for 2. års lærlingar i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget

2 flinke førstehjelpinstruktørar i Sande kommune tok godt imot lærlingane. Det blei ei økt med teoriundervisning før alle fekk øve på hjarte og lungeredning, samt øving i andre akutte situasjonar.

Fylkesmesterskap i helsearbeidarfaget

I mai var vi med å arrangere fylkesmesterskap i helsearbeidarfaget saman med andre opplæringskontor frå regionen, lokale vidaregåande skular og fylkeskommunen. Fylkesmesterskapet blei arrangert i Ørsta der 3 modige og dyktige helsefaglærlingar deltok. Vi var så heldige at vår deltakar, Pia gjekk av med seieren og skal representere Møre og Romsdal i Norgesmesterskap i april 2025.

Instruktørsamling på Kjeldsund

I mai samla vi instruktørar i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og ernæringskokkfaget til felles samling på Kjeldsund. Her jobba vi litt i fellesskap om instruktørrolla, og delte oss deretter i grupper på fagområda.

Sommaravslutning på Kjeldsund

Grillmat i teltet, quiz og sosial lag.

 

Litt konkurransetid….

 

 

Og som alltid på sommaravslutning, roseutdeling til dei som er ferdige med læretida.

Introveke for nye lærlingar

Siste veka i august arrangerte vi for første gong INTROVEKE for nye lærlingar. Dette var ein fin måte for oss på opplæringskontoret å bli betre kjende med lærlingane i starten av læretida. Over 3 dagar fekk dei vite meir om mellom anna arbeidslivets plikter og rettar, personleg økonomi, forventningar til deg som lærling, psykisk helse med meir. Vi brukte ressurspersonar i våre medlemsbedrifter og organisasjonar og bedrifter i våre kommunar for å halde innlegga.

 

 

8 helsefaglærlingar frå Møre og Romsdal reiser til Esbjerg kommune – Danmark

26 august var dei klare for avreise til Danmark og Esbjerg kommune der dei har tilbringa 3 månadar av læretida si i haust. Saman med dei reiste tilsette frå Sunnmøre kommunale opplæringskontor og Romsdal opplæringskontor.

Første veka i Danmark deltok alle på forflytningskurs over to dagar på skulen vi er i samarbeid med, SOSU Esbjerg.

Her er og litt bilder lærlingane har sendt oss frå tida i Danmark, både frå jobb og fritid. Dei hadde tida både til turar til København, Polen og Tyskland.

Kick-Off Herøy og Ørsta vidaregåande

På starten av skuleåret arrangerer dei vidaregåande skulane kick-off. På denne dagen får elevane på Vg1 helse- og oppvekstfag møte tilsette frå dei ulike utdanningsprogramma dei kan velge etter Vg1. Også på slike arrangement synst vi det er kjekt at lærebedriftene våre lånar ut lærlingar til oss som kan bli med og fortelje om sine fag.

 

Forberedande besøk i Tyskland

Det krev litt planlegging å være med i Erasmus+-prosjekt, men det er også veeeeldig kjekt. Tidlig i haust reiste Julianne ilag med ein gjeng frå Møre og Romsdal på besøk til Tyskland for å opprette kontakt på samarbeidsskulane og for å finne mellom anna boligar til lærlingane som skal reise i 2025.

Karrieredagar i Volda

Kvart år er vi med på stand for helse- og oppvekstfag når karrieredagane på Søre Sunnmøre blir arrangert. I år var karrieredagane i Volda og 10 klassingar frå heile Søre Sunnmøre var innom i løpet av dei to dagane karrieredagane blir gjennomført. Med oss på stand hadde vi dyktige lærlingar i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Kompetansehevingstur til Trondheim

Kvart år får vi moglegheit å søke på midlar for kompetanseheving. I år søkte Anne-Mari om midlar for å ta med seg faglege leiarar, instruktørar, prøvenemnd og lærarar på hospiteringstur til Trondheim. Der hadde ho fått eit samarbeid med Strinda vidaregåande og St.Olavs for å få eit innblikk i deira arbeidskvardag, for inspirasjon og erfaringsdeling.

 

 

Ergonomi og forflytningskurs

Kursdag med flinke kurshaldarar om ergonomi og forflytning. Markus som er fysioterapaut og Kathrine som er ergoterapaut leda oss godt gjennom dagen, både med teori og praktisk øving på øvingsrommet ved Herøy vidaregåande.

 

Ny rekrutteringspatrulje på kurs i Oslo

Denne kjekke gjengen var i oktober på kurs i Oslo i regi av Jobbvinner.

Desse får alle 10 klassingar på Søre Sunnmøre møte i løpet av januar/februar 2025. Då kjem dei på besøk og skal fortelje om faga sine.

Aktivitetsdag i Danmark

Når vi var på oppfølgingsbesøk i Danmark fekk vi tid til litt sosialt saman med lærlinggruppa. Då fekk vi utfordra oss på trampolinepark, øksekast, pil og bue skyting og lasertag før vi avslutta med ein felles middag på Esbjerg Streetfood.

Besøk frå Erfurt – Tyskland til medlemsbedrifter i Ørsta og Herøy kommune

Gjennom Erasmus+ prosjektet Erfurt – Tyskland har vi i år vert med å ta imot besøk frå Tyskland i våre medlemsbedrifter.

Einedalen skule hadde i oktober besøk av to SFO-leiarar.

Når SFO-leiarane og rektorar (som var på bedrifter i Ålesund) deltok også lærlingane som skal til Tyskland på aktivitetsdag på Atlanterhavsparken slik at dei blei kjende med personalet frå skulane dei skal til.

I november tok Velle skule og Barnas Vel i Ørsta kommune imot 2 elevar kvar. Desse var på besøk og var ein del av arbeidskvardagen i 6 veker.

Mot slutten av tida hadde vi ei samling på Borgund dyreklubb ilag med dei 7 lærlingane i barne- og ungdomsarbeidarfaget som i januar skal til Tyskland.

Tid for evaluering og heimreise frå Danmark

I slutten av november reiste Yvonne og Astri (frå Kristiansund kommune) til ein julepynta og koselig Esbjerg by. No var det tid for evalueringssamtalar og heimreise. På alle bedriftene hadde dei berre godt å sei, og dei ville helst ha lærlingane på bedriftene lenger.

 

Desembersamlingar med lærlingane her på kontoret

Vi har avslutta året med litt julekos og samlingar i mindre grupper her på kontoret.

Til sist, men ikkje minst! SKRYTEBILDER! 🙂

Gjennom året har vi og fått mange nye fagarbeidarar. Dette gjennom ordinær lærlingordning, fagbrev på jobb og yrkesfagleg rekvalifisering.

Med bildekarusellen under her ønsker vi alle takk for eit fantastisk år!