2023 har våre eit innhaldsrikt år på Opplæringskontoret, og eit år der vi har sett ny rekord i antall lærlingar. Vi har ikkje alltid tatt oss tid til å skrive nyheitsaker om alt det kjekke vi gjer på i arbeidskvardagen vår, så vi prøvar oss her på eit lita oppsummering.
Barne- og ungdomsarbeidar lærling på Gran Canaria
Vi starta året med ei heilt ny erfaring, både for oss og for ein av våre lærlingar. Camilla, som var lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget i Herøy reiste til Gran Canaria der ho skulle være lærling på den Norske skulen i 3 månedar. Anne-Mari fekk og ta turen på besøk til Camilla i februar, samtidig som ho var der fulgte ho og opp lærlingar frå andre stadar i fylket. I 2024 er vi klar for å sende to lærlingar til Gran Canaria, og kanskje har vi andre spennande prosjekt og.
Fullført Fagbrev på Jobb
Første kandidat med læretid i ordninga <<Fagbrev på jobb>> fullførte i januar læretida, og var dermed for oss den første som bestod fagprøva gjennom denne ordninga. Gjennom året har vi fått inn ein del nye i ordningar for vaksne som vil ta fagbrev, og vi har totalt hatt 27 aktive kontrakter gjennom året. Mange av desse skal opp til fagprøve neste år.
Førstehjelpkurs
I februar var det tid for førstehjelpkurs for 2. års lærlingane. Her fekk vi både teoriundervisning og praktisk øving på mellom anna hjerte- og lungeredning og stabilt sideleie.
Ergonomikurs for helsefaglærlingane
I mars hadde vi ergonomikurs for alle lærlingane i helsearbeidarfaget. Vi fekk låne det fine demonstrasjonsrommet på Herøy vidaregåande og fysioterapaut Øystein Nerland underviste både gjennom teori og praktisk gjennomføring.
Skulebesøk, rekruttering, intervju, tilsetting, halvårsbesøk, arbeidssamlingar….
Seinvinter og tidlig vår er for vår del tida for mykje besøk ute på lærebedriftene og skulane. Ein stor del av våre arbeidsoppgåver er å følge opp lærlingane vi har ute i bedriftene. Vi driv og med rekruttering og informasjon om fagopplæring ut mot ungdomskule og vidaregåande, og når tida kjem til 1. mars startar vi og med intervjurunder av nye lærlingar.
Cøliakikurs
I april arrangerte vi i samarbeid med Ørsta vidaregåande cøliakikurs for lærlingane i ernæringskokkfaget. Denne dagen fekk dei undervising om cøliaki og fekk bake ulike bakverk med glutenfritt mel.
Sommaravslutning på Kjeldsund
Tradisjonen tru har vi kvar juni sommaravslutning for alle lærlingane på Kjeldsund. Vi var heldige med veiret og Anne-Mari stilte i år som i fjor som grillmester.
Bestått fagprøva i 2023
34 har bestått fagprøva i løpet av 2023 😀
Første lærlingsamling for nye lærlingar
I slutten av august har vi alltid første samling for dei lærlingane som startar læretida si i august. Dette er ein dag med mykje informasjon, men og ein dag der lærlingane treff igjen gamle kjende frå skulen. I år starta 57 nye lærlingar i faga helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, ernæringskokkfaget og it-driftsfaget.
Rekrutteringspatrulja
I september sette 3 lærlingar og Julianne seg på flyet til Oslo for å være med på opplæringsdagar for rekrutteringspatruljen i regi av KS og Jobbvinner. Etter nokon år med covid får vi endelig igjen sende lærlingar ut til ungdomskulane og vidaregåande for å fortelle om faget sitt, ein viktig del av rekrutteringa inn til yrkesfag. På seinhausten kom det to medlemmar til inn i patruljen. Desse 5 skal i januar besøke alle 10 klassene på Søre Sunnmøre, samt klassene med Vg1 helse og oppvekst, Vg2 barne- og ungdom og Vg2 helsearbeidarfaget.
Hospitering til Stavanger universitetssjukehus
I starten av oktober sette Yvonne kursen mot Stavanger saman med faglege leiarar og lærlingane ved Volda sjukehus, to frå prøvenemnda på Søre Sunnmøre og vår rådgjevar på fylket. Målet med turen var hospitering på Stavanger universitetssjukehus som har mange års erfaring med lærlingar på sjukehuset. Her i vårt fylke er lærlingordninga på sjukehuset relativt ny, så vi var på tur for inspirasjon og lærdom, både kring organiseringa gjennom læretida og avholding av fagprøver. Vi blei tatt godt imot av dei tilsette på Opplæringskontoret på SUS, og dei hadde laga eit godt opplegg for oss. Lærlingane vi hadde med, Benedicte og Hedda fekk til og med tilbringe nokon timar saman med lærlingen på barselavdelinga, samt delta på fagdag saman med lærlingane på sjukehuset.
Fagdag for instruktørar og faglege leiarar
Mot slutten av oktober samla vi 100 instruktørar og faglege leiarar til fagdag på Ulstein hotell. For og gi oss alle fagleg påfyll og inspirasjon til den viktige jobben det er å følge opp lærlingar ute i bedriftene leigde vi inn Renate Walderhaug som hadde innlegg om »Tankevirus» og Audhild Mork som held innlegg om LØFT.
Juleavslutning
I desember tok vi opp tråden igjen med Renate Walderhaug som holdt foredrag for instruktørane tilbake i oktober. Vi laga til førjulssamling for lærlingane der Renate starta dagen med foredrag om »Tankevirus». Til lunsj spiste vi julegraut og hadde deretter litt konkurransar og juleverksted.
Fast ansatt nr. 3
Og heilt på tampen av året signerte Julianne ny arbeidsavtale med fast stilling på opplæringskontoret. I 2023 har ho hatt ei prosjektstilling, og vi er svært glade for at det på årsmøtet blei vedtatt at Julianne skulle få fortsette i fast stilling med oss.
Vi ser fram til eit like,
om ikkje meir innhaldsrikt 2024!