Ernæringskokkfaget

Som ernæringskokk lagar du mat ved storkjøkken og institusjonar, basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 27.10.2022

Ernæringskokk, tidligare kalt institusjonskokk.

Som ernæringskokk lagar du mat til enkeltpersonar eller grupper på ulike institusjonar eller ved større bedrifter. Du lagar rettar som skal gi gode matopplevingar, men som også skal sikre eit godt næringsinnhald.

Som ernæringskokk har du spisskompetanse om tilberedning og servering av mat og rettar etter ulike behov, allergiar, intoleranse, livsstilssjukdommar og kost i ulike livsfasar. Du har også kunnskap om diettar til dei som er sjuke, og kva ein bør ete for å halde seg frisk.

Kunnskap om regelverk innanfor hygiene og helse, miljø og sikkerheit er også viktig.

Kvar kan du jobbe?

Som ernæringskokk kan du jobbe ved sentralkjøkken eller storkjøkken på omsorgsenter, sjukehus eller andre helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan også jobbe i kantiner ved større bedrifter, skular, barnehagar og liknande.

Personlege eigenskapar

Som ernæringskokk må du være glad i å lage mat. Du må kunne jobbe nøyaktig og strukturert, samt jobbe effektivt og planmessig. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men også samarbeide med andre. Yrket kan være fysisk krevjande, så det å halde seg i god form er viktig. Lese-, skrive- og regneferdigheiter er også viktig.

 

Vil du vite meir?

Utdanning – Ernæringskokk

Læreplan – Vg3 Ernæringskokkfaget

 

Medlemsbedrifter

Ernæringskokkfaget